Botanikk.no
E-mail .
Oversikt over spesielle botaniske steder
 Sted: Bleia naturreservat og
Storebotnen landskapsvernområde
Kommune: Lærdal/Aurland
Fylke: Sogn og Fjordane
Den virituella floraen

Botanikk-nett

Blyttia (Botanisk tidsskrift)

Norsk botanisk forrening  NBF

 
Se kart ovrt verneområdet
Regjeringa har i statsråd 8. oktober 2004 vedtatt å opprette Bleia naturreservat og Bleia Storebotnen landskapsvernområde i Sogn og Fjordane fylke.
 

Verneområdet består av Bleia naturreservat 21,8 km2 (Lærdal kommune) og Bleia Storebotnen landskapsvernområde 66 km2 (Aurland og Lærdal kommunar). Bleia - Storebotnen landskapsvernområde grensar til Nærøyfjorden landskapsvernområde og Nordheimsdalen naturreservat, slik at det her vert samanhengjande verneområde på omlag 681 km2.


Foto Johannes Anonby 
Urvalmue (Papaver radicatum ssp. relictum) i Bleia naturreservat. 
 

Opprettinga av naturreservatet og landskapsvernområdet er ei oppfølging av nasjonalparkplanen (St. meld. nr 62 (1991-92) som vart vedteken av Stortinget våren 1993.

For Bleia naturreservat er dei største naturverdiane knytt til lokaliteten for urvalmue (Papaver radicatum ssp. relictum) og det (kvartær)geologisk særmerkte fjordlandskapet som og utgjer eit botanisk og urskogprega svært verdfullt område. For Bleia-Storebotnen landskapsvernområde ligg dei største verdiane i det eigenarta natur- og kulturlandskapet med sin kvartærgeologi, botanikk (også urskog) og fauna (også villrein). Den ytre delen av halvøya mellom Sognefjorden og Aurlandsfjorden med Bleia (1717 moh) inneheld både eit karakteristisk fjordli- og fjellandskap og eit heilt uvanleg storfelt fjordlandskap kring/under Bleia. 

Fjellet har talrike kulturminne i samband med jakt, fangst og fangstanlegg, og stølsdrift. Dyregraver er registrert og ein støl, Nordheimsdalstølen, ligg i utkanten av landskapsvernområdet.

Det er skogressursar innafor naturreservatet og det er noko sauebeiting i dei to verneområda. Urvalmuen har berre ein annan veksestad i landet utanom i Inste Drøfti under Bleia. Området er såleis svært botanisk interessant og av stor vitskapleg verdi.

Bleiaområdet er viktig for friluftsliv, jakt og fiske. Den mest ettertrakta og kjende turen i området går til Bleia 1717 moh og ut på kanten mot Sognefjorden med eineståande utsikt over Sognefjorden og landskapet nord for fjorden.
Bleia naturreservat og Bleia - Storebotnen landskapsvernområde er med i planområdet for søknaden om verdsarvstatus for Vestnorsk Fjordlandskap, delområde Nærøyfjorden.

Utsyn frå Bleia-Storebotnen mot Nærøyfjorden. Foto Tom Dybwad 

Kilde: http://www.fylkesmannen.no/fmt